
Medan mange små bygder krympar, går Eiksund motsett veg. Talet på skulebarn i bygda har vakse med over 20 prosent dei siste fem åra, og stadig fleire familiar i etableringsfasen vel å busetje seg her – aldersgruppa 30–49 år har auka med 13 prosent sidan 2021. Folketalet held seg stabilt kring 300, og Eiksund er den einaste grenda utanfor Ulsteinvik sentrum der barnetalet veks.
Livet på Eiksund
Eiksund er ei lita bygd ytst i Ulstein kommune på Sunnmøre. Her lever ein tett på sjø og fjell, med korte avstandar til alt du treng — men langt nok unna til at kvardagen er roleg.
Fiske, båtliv, padling og bading rett utanfor døra. Turstiar og fjellturar for heile familien.
Ein god plass for born å veksa opp — trygge vegar, mykje uteliv og mange leikekameratar i nabolaget.
Ulsteinvik på ti minutt, resten av Søre Sunnmøre innan ein halvtime — sjå avstandane under.
297 innbyggjarar, etter alder og kjønn
Kjelde: SSB, befolkningsstatistikk per grunnkrets
Bustadmarknad
Bustadar til sals i og rundt Eiksund, henta frå finn.no.
Bustadfelt Johanmarka
Feltet Johanmarka ligg i idylliske Eiksund med panoramautsikt over øya Eika og Sunnmørsfjella. Tomtene er sørvende og er frå ca. 800 m² til 1200 m² store — god plass til hus, hage og born som vil ha rom å springe på.
Ei tomt på 1000 m² kostar såleis om lag 400 000 kr inkludert sakshandsamingsgebyr.
Tomter merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal. Nokre kan vere handgitt (reserverte). Er du interessert i ei handgitt tomt, kan du søke om tildeling — den som har reservasjonen får to vekers frist til å bestemme seg. "S" tyder at tomta er seld eller formelt tildelt.
Sentralt på Søre Sunnmøre
Sjølv om Eiksund kjennest som ei roleg bygd ved fjorden, ligg vi midt i smørauget av Søre Sunnmøre. Etter at Eiksundsambandet opna i 2008 har alle kommunesentera i regionen blitt naboar — du kan bu landleg og likevel pendle til jobb, skule eller handletur på kort tid.
Køyretider er omtrentlege ved normale køyreforhold.
Skule og barnehage
Både barnehage og barneskule ligg i Haddal, den næraste bygda til Eiksund — berre nokre få minutt med bil eller skulebuss. Små, oversiktlege einingar der ungane blir sett kvar dag, og der nye born raskt finn seg til rette.
Den næraste barnehagen ligg i Haddal, med naturen som næraste nabo. Ein triveleg barnehage der ungane får bruke kroppen ute i skog og mark, samstundes som dei lærer og leikar i trygge omgjevnader.
blaatinden.barnehage.noHaddal skule er den næraste barneskulen for born frå Eiksund — ein liten og oversiktleg 1.–7. skule i Ulstein kommune. Kort skuleveg, gode uteområde og eit tett samarbeid mellom skule og heim.
ulstein.kommune.no/skule/haddal-skuleUngdomsskule og vidaregåande skule finn du i Ulsteinvik, med skuleskyss frå bygda.
Sjå bygda
Film frå området, laga av Blåtind Fotografikk på initiativ frå Bulyst Eiksund og Haddal.
Ta gjerne kontakt med bygdelaget — vi svarar gjerne på spørsmål om bygda, skule og barnehage, eller kva som skjer her ute.